fredag 2. desember 2011

Munnleg ferdigheit og retorikk i skulen

Retorikk er noe som i utgangpunktet er basert på munnlege framlegg og talar, men i denne førelesninga gikk vi nærmare inn på korleis me kan bruke dette til skriftlege tekstar og arbeidskrava me skriv.

Eg synast sjølv at retorikk er veldig interessant. Og trudde sjølv at eg visste akkurat kva dette gjekk ut på. Eg hadde hatt mykje  om dette emne på vidaregåande og trudde eg hadde oversikt over omgrep. Dette viste seg og ikkje være heilt riktig. Det fantes mange fleire omgrep som ikkje kom opp i undervisninga på vidaregåande.  

I utgangspunktet kom retorikken fram for første gang 583år f.kr. Den store retorikkaren me snakka om er derimot Aristoteles som kom fram med sine teoriar  ca 330år f.kr. naturleg nok snakkar ikkje han om korleis ein kunne bruke retoriske tenkjemåtar om samansette tekstar på internett, da dette var veldig lenge før me fekk tilgongen til det store world-wide-web konseptet.

Noe me gjekk grundig igjennom denne førelesninga var kvifor me skal bruke retorikk, og korleis me kan bruke det.  Det viste seg i løpet av gjennomgongen at me som lærar i norskfaget kan bruke dette mykje meir enn eg hadde trudd.  I den daglegdagse situasjonen vår bruker me mykje tid på å snakk framfor andre menneska og vi må tenkje på mange av tema innanfor retorikk.

Me kan bruke retorikken for å :

·         Bli ein betre talar sjølv.

·         Laga betre talar

·         Ha betre føreleningar som lærar.

Vidare snakka me om kva som er forskjellane mellom munnleg språk og skriftleg språk.

Munnleg språk:
Skriftleg språk:
Uformelt
Formelt
Ikkje bare ord men også kroppsspråk
Bare gjennom ord
Forståing, lettare
Bare ein sjanse til å få fram bodskapen
dynamisk
Statisk
spontant
Forberedt/ planlagt
Primærspråk
Sekundært (lingvistisk)
Dialogisk
Monologisk



Utover i førelesninga gjekk me igjennom mange ulike omgrep innanfor retorikken.  Me lærte blant anna dei tre hovudkategoriane som ein bør tenkje på når det skal framleggas noko munnleg.

Ethos:
Skal du tru på saka må du tru på talaren. Talarens karakter gjør han truverdig. Ethos omhandlar korleis talaren behaga publikum/ tilhørerande. Korleis skapar talaren truverdigskap.

Pathos:
Pathos er noe ein blir utsette for. Talaren vekkar kjensle i tilhørarane. Dette kan være kjensle som medkjensle,  kjærleik, sorg og sinne. Korleis beveger talaren tilhørarane sine ?

Logos:
Talaren opplyser og undervisar sin tilhørar. Talaren tar i skule (i positiv forstand) sin tilhørar. Korleis skapar talaren kunnskapsforståing, opplysning og kunnskap?

Etter å ha vært igjennom disse omgrepa kikka me på ein tale haldt av Jens Stoltenberg til heile sitt parti på første mai. Her skulle me kikke etter korleis han brukte retorikken til å formidle sitt bodskap. Me fann ut at han ved denne anledninga var full på talarstolen og han skapte ikkje mykje truverdigskap som statsminister ved å halde denne tala. Eg hadde ikkje sett denne tala før og fikk meg ein god latter. Da eg reflekterar over denne øvinga nå så tenkjer eg eigentleg at dette hadde vært morosamt å brukt med mine framtidige elevar i ungdomsskulen.

Vidare i førelesninga lærte me om retorikkens fem fasar. Dette var ukjent stoff for meg og eg hadde stort læringsutbytte av dette.

Fase:
Beskriving:
1.       Invento
Her utforskar talaren emnet og finn nyttig informasjon (kjelder) til sitt tema.
Kjelde= Topos
2.       Disposito
Talaren ordnar stoffet, altså lage ein disposisjon. Her bestemmer talaren korleis han vil ordne stoffet inn under innleiing, hovuddel og avslutning.
3.       Elocutio
Talaren gjennomarbeidar den språklege utforminga for å kunne skape truverd.
Hensiktsmessig, formulerer seg korrekt, klaring og rørande språk. 
4.       Memoria
Sjølve talen innprentast og memoreras
5.       Actio
Sjølve framføringa. Sørgje for å ha eit tydelig og poengtert kroppspråk.

 

Me lærte også to omgrep til eg synast det er viktig å få med meg til seinare bruk.

·         Aptum: Kva sømmer seg i ulike situasjonar? Det er veldig viktig å huske på kva for ting ein kan bruke i ulike sosiale samanhengar og i ulike kulturar.

·         Kairos: finn det rette augeblikket å si noe. Situasjonsfornemming.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar